Artikkel i juleheftet Fiskerens Venn 1998:



Heim
Utgjevaren
Føreord
Innhald
Forfattarane
Komponist
Notesider
Høyr song
Avisoppslag
Linkar
E-mail



Han overlevde Rokta-forliset

For vel 60 år sidan forliste "D/S Rokta" ved Gallerskjera utanfor Romsdalskysten. Skuta høyrde heime i Øystese, og mange av dei som var med var frå Hardanger og Sunnhordland. 11 mann svevde mellom liv og død i heile 36 timar, og det vart utført ein utruleg redningsdåd av nære på 100 mann. 6 av mannskapet på 12 overlevde, medan 6 omkom. To av bergingsmennene miste og livet. Ingvald Heien (87) frå Mundheim var ein av dei som overlevde. Han er no den einaste attlevande av dei som opplevde Rokta-forliset frå innsida. I dag bur han på Strandebarm Aldersheim.

Av Vilhelm Gravdal

Rokta-forliset har gått over i historia som eit av dei mest kjende skipsforlis i Noreg, ikkje minst på grunn av den mediemerksemda det fekk og den redningsbragda som vart utført. Drammatikken vart overførd til det norske folk på radio og gjennom avisene. Noreg stod stille og fylgde med på det som hende, då det omsider vart meldt at det verkeleg var overlevande på båten. Forliset er og kalla "landets fyrste medieforlis". I forrykande storm og snøtjukke grunnstøytte "Rokta" natt til sundag 3. april 1938. Ein mann kom seg straks i livbåt, men vart seinare funnen død i livbåten. Dei 11 som var att, sat innesperra i eit kott på 4 m2 utan mat og drikke, opplevde at sjø og bølgjer braut sund den sterke båten litt etter litt, at redningsbåtar kom og gjekk og ikkje kunne koma til med hjelp. Etter om lag eit døger brotna skuta i to, men enno skulle det gå lenge før bergingsmennene kom til.

Ingvald Heien gjekk om bord i Rokta i 1932. Då fekk han 80 kroner i månaden forutan hus og kost. Straks etter gjekk månadsløna opp til 100 kroner, og då tykte han han tente godt. På lastedamparen Rokta likte han seg godt på alle vis. Rokta var ein sterk båt, klinka i saman, fortel han. Han vart etter kvart 2. maskinist på "Rokta". Skuta førde skifer frå Alta til England og kol og koks attende til Noreg.

På ulukkesturen var dei på veg frå Alta og sørover. Vermeldingane var ikkje dei beste, men dei meinte det var om å gjera å koma seg over Hustadvika før uveret kom. Utpå kvelden 2. april kom likevel uveret med snøkavar og vind. Dei miste fyra av syne og gjekk for sakte fart. Heien kom på vakt klokka to om natta og då hadde dei ikkje sett fyrlys på fire timar på grunn av snøtjukkka. Det var Kristoffer Alsaker frå Tysnes og Heien som var på vakt i fyrrommet. Frå fyrrommet merka dei at båten grunnstøytte.

- Kva tenkte du då båten grunnstøytte?

- Nei, du veit, me visste no ikkje kva me skulle tru, seier Heien 60 år etter. -Me merka at han hogde nedpå. Det var ikkje fritt for at me vart redde. Det var midt på natta då Rokta grunnstøytte. Klokka var om lag kvart over tre. Himmel og hav gjekk i eitt, fortalde Kristoffer som var ein tur oppe. Dei fekk begge melding om å koma opp or maskinrommet.

Rokta kom seg likevel av den fyrste grunnen. Det vart gjort forsøk på å koma seg i livbåt. Kristian Børven frå Øystese kom seg om bord, og Heien freista og å hoppa etter om bord i livbåten. - Men det var så mykje sjø at eg bomma på livbåten og hamna i sjøen, fortel han. Ein av dei andre vart hangande i ein arm etter rekka på båten då han prøvde det same, men vart gripen tak i av sterke hender og halt inn att i båten. Heien som vart liggjande i det opprørde havet og kava, fekk etter kvart tak i eit tau. Det fekk han surra rundt armen og prøvde å halda seg opp frå vatnet. På same tid prøvde han å hala seg oppetter skutesida, og det gjekk då skuta la seg voldsomt over på eine sida. Men skuta rugga, og då ho la seg over på andre sida, kom han ned i sjøen att. Dette hende fleire gonger. Han kjende kor kreftene minka for kvar gong han vart dregen ned i det ville havet. Han kom seg minder og minder oppover for kvar gong han var under. - Eg frykta for at eg skulle drukna, kjem det stilt frå Heien.

Han kom seg likevel, aldeles utmatta, opp til rekka og fekk ropt om hjelp. Wilhelm Møllerstrøm frå Jondal høyrde ropet, og han og Johan Lundberg frå Malangen fekk drege han inn på dekk og etter kvart opp leidaren til brua. - Me samlast alle på "broen" då, seier Heien. Men Kristian Børven frå Øystese var borte.

Men Heien var ikkje berga fordi om han kom seg om bord i båten att. Skipparen freista å køyra skuta på land, og ho vart styrd opp på eit nytt skjer, slik at ho låg som i eit skorfeste, temmeleg fast; men vraket rugga kraftig på seg for kvar sjø.

Heien vart ikkje så mykje skadd av å falla i sjøen, men etter at han kom om bord på vraket att gjekk det verre. På grunn av dei veldige sjøane som slo mot båten, for rattet att og fram i fæla fart. - Me prøvde å stoppa det, men me greidde det ikkje, fortel Heien. Fleire vart skadde. Skipparen, Lars Eide, fekk øydelagd handa si, medan Heien sjølv fekk nokre slag i hovudet og svimte av. I fire timar var han meir eller mindre medvitslaus, og dei andre flytta han over i kartrommet. Dei gav han og whisky for å få han til å koma seg. Han kan ikkje minnast noko av det som hende før det lei på dag sundagsmorgonen. Då han vakna, kjende han seg forslegen og blødde frå eit sår i hovudet. Av alle ting var det klokka som stod han i hovudet etter at han kom til seg sjølv. Den henta han i lugaren sin. Det var den einaste som gjekk, slik at dei kunne fylgja med på tida. Det er underleg korleis ein tenkjer i slike stunder.

- Me fekk tak i eit brød som hadde flotna opp og flaut i lugaren. Det var gjennomvått, men me delte på det. Me hadde ikkje kniv, så me berre tok av det med fingrane.

- Hadde de nokosinne tru på at de skulle koma frå dette med livet?

- Nei, me visste no ingen ting då, seier Heien. Dei prøvde å få hjelp på ulike måtar. Dei song og bad. "Lova den Herre, den mektige kongen med æra" var ein av dei salmane dei song. - Det einaste me leit på var at Gud ville hjelpa oss, seier Heien. - Det var det einaste me hadde att, veit du. Det var stort gagn i å syngja, og me song mange salmar. Dei fekk me trøyst av. Elles diskuterte dei ulike måtar å koma seg derifrå, både realistiske og mindre realistiske.

Dei augna von om redning då dei såg båtar sundagsmorgonen. Ein stor båt låg lenger ute, men den gjekk etter ei stund. Andre båtar såg dei og. Endeleg såg dei og redningsskøyta koma. Men redningsskøyta kunne ikkje koma til. Dei såg henne heile dagen, og ho låg eit godt stykke unna. Om kvelden gjekk både redningsskøyta og dei andre båtane innatt. - Me var nokså nedfore og nedbrotne då, minnast Heien.

- Skipparen meinte dei skulle få tak i meir redningsutstyr. Me var ikkje klar over at dei ikkje hadde sett oss; me rekna med det men var ikkje sikre. Det var ikkje så mykje me kunne føreta oss, seier Heien. Over radioen vart det om sundagen meldt at alle om bord på Rokta truleg var omkomne.

Gjennom natta til måndagen slo sjøane mot Rokta og dunka henne mot skjera. Plater vart rivne av båten og sjøane skola gjennom skipet. Heile maskineriet i båten vart plukka ut. Tidleg måndagsmorgonen brotna skuta i to. 11 mann heldt til i den 4 kvadratmeter store bestikklugaren på dekk. Dei snakka om å koma seg over på andre halvdelen som ei stund vart liggjande tett inntil, men gjorde ikkje det. Begge halvdelane låg slik tett attmed einannan ei stund. Men etter ei tid gjekk framenden i havet.

Dette tok hardt på. Skiferhellene for som fisk bortover i havet. Bak seg kunne dei sjå ned på berre fjellet og dei veldige brotsjøane. Heien spurde om dei var sikre på at redningsfolka som no var komne ut att, visste at der var folk om bord. Johan Lundberg fekk då sett fyr på noko klede, eit høyende*) og noko, så det tok til å ryka. Han sprang ut på dekket og veifta med det. Då fyrst fekk mannskapet på redningsskøyta "Christian Bugge" og dei andre redningsmennene greie på at det i det heile fanst liv på vraket.

Men redningsbåtane kunne ikkje koma til! Det var skjer på alle kantar, og som eit lite basseng rett innanfor der restane av Rokta låg. For i det heile å ha sjansar for å koma inn i dette bassenget og inn til vraket, måtte dei venta på at det skulle verta flo. Uansett var det eit vågestykke, og om dei i det heile kom inn, kunne det vera minst like vanskeleg å koma seg ut av bassenget. Det visste lokalkjende.

Ved flo sjø i 2-tida måndag ettermiddag kom redningsskøyta og ein del av dei andre båtane seg gjennom grunnbrota og inn i bassenget innanfor. Dei la seg eit stykke frå vraket. Ei line vart kasta mot vraket fleire gonger, men ingen greidde fanga henne, då den halve skuta rykte og heiv slik på seg. Heien og eit par av dei andre fekk no plassert seg i eit lite kott som dei kalla tauhuset, Det var stort sett det einaste dei hadde att utanom bestikklugaren. Døra her kunne ikkje opnast frå innsida, så dei hadde avtala med ein av dei andre at han skulle passa døra og opna.

Brått tek Rokta til å rugga på ein heller uvant måte, og karane skjønar kva som er på ferde. - Me kjende at ho tok til å fara, då, kan Heien minnast. Men dei er innestengde, og ingen er der til å opna døra! - Då me skulle få tak i dei, var dei farne, dei, seier han stilt. Halve båtresten er på veg til djupet. Dei hiv seg på døra. Fleire gonger. Til sist brest døra, og ut på dekket kjem dei. Der tek sjøane dei. Men no meiner Heien det beste er å berre koma seg i havet. Han kom seg i sjøen andre gongen, men no var også både redningsskøyta og fleire andre båtar komne nær til.

Restane av Rokta gjekk i havet i det han kava seg fram mot redningsskøyta. Han hadde fått seg livbelte, og kom seg fram til redningsskøyta. Bølgjene hjelpte til. Han var den fyrste som vart halt om bord i redningsskøyta. Vel om bord i redningsskøyta, var fyrste helsinga han fekk: No er du komen her, men me veit ikkje om me kjem oss ut att herifrå.

For redningsmannskapet var ikkje spenninga over enno. Fleire skulle bergast om bord, og dei skulle ut att frå bassenget. Under bergingsarbeidet velta ein av dei mindre redningsbåtane. 2 mann av dei omkom. Dei seks andre i denne båten vart plukka opp av ein av dei andre redningsbåtane. Skipparen på Rokta, Lars Eide og dei to brørne, Kristoffer og Alfred Alsaker kom derimot bort i bølgjene. To av dei som vart berga om bord i båtane, vart så sterkt skadde at dei omkom straks etter dei var berga om bord. Til saman fekk redningsskøyta fiska opp fem mann, og to mindre båtar plukka opp til saman tre av mannskapet frå Rokta. Både "Christian Bugge" og resten av redningsbåtane kom seg og velberga ut frå det farlege bassenget.

- Er det noko du vil seia til slutt? Eg spør Ingvald Heien på Strandebarm Aldersheim.

- Det var då me kom opp på "broen" og me samlast der. Skipparen, han sa etter at me hadde mist livbåtane og alt: Det einaste me har igjen no, det er at me må tru på Gud. - Me har ikkje noko anna, veit du, avsluttar Ingvald Heien - 60 år etter at han overlevde eit av landets aller mest omtalte skipsforlis.

*) høyende = pute

Kjelder: - Bjørke, Samson, 1988: Roktaforliset. Redningsdåden på Hustadvika. - Mannsmot og offervilje. Fjord Forlag, Os.
- Intervju med Ingvald Heien.



Webdesign av Lyngdal Com